Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Dette er den beste ia-avtalen vi har hatt. Den er sikkert ikkje perfekt i den forstand at vi kan garantere at måla blir nådde. Men heller ikkje Marit Bjørgen kunne garantere OL-medaljar, men ho var godt trena, optimistisk og klar til innsats."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Sats på inkludering

Unio meiner ekspertgruppa som har vurdert tiltak for å få ned sjukefråveret kjem med fleire interessante forsalg. Vi er positive til hovudoverskriftene: tilrettelegging på arbeidsplassen og gradert sjukmelding

Onsdag fekk arbeidsminister Hanne Bjurstrøm rapporten som vil legge tunge føringar på forhandlingane fram mot at vi kjem i mål med ein ny IA-avtale 1. mars.
Det er bra at hovudregelen etter åtte veker kan bli gradert sjukmelding, dersom du kan jobbe noko. Det viktig å kome raskt tilbake i arbeid, dersom helsa tillet det. Dette vil kreve særs mykje av arbeidsgjevarane. Unio kan på ingen måte akseptere at den som er sjukmeldt blir pressa tilbake til ein håplaus arbeidssituasjon. Vi skal hugse at dette handlar om folk som er sjuke.

Unio er mest bekymra for - og vil jobbe hardt for å sikre - at arbeidstakarane får eit godt helsevern og kan kome attende til jobben med verdigheit og god sjølvfølelse.
Det er heilt avgjerende at arbeidsgjevarane finn meiningsfulle arbeidsoppgåver og tilpassar arbeidet til kvar enkelt tilsette. Elles er det den sjuke som vert taparen. Det er Unio ikkje med på.

Det aller viktigaste er inkludering. I jakta på tiltak som skal få ned sjukefråveret, må vi ikkje lage ordningar som i prksis verkar ekskludrande

Sjukmeldar si rolle som portvaktar er mindre dominerende enn vi frykta. Vi støttar forslaget om at oppfølginga av sjukmeldte kjem raskere igang og vert meir forpliktende. Det tilseier at bedriftshelsetanesta vil få viktige oppgåver. Helsepersonell som fysioterapeutar, psykologar og ergoterapeutar må trekkjast inn for å styrke satsinga på førebygging og tidleg behandling.
gjeld, førebygging,



[Skriv ut]


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no