Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1 blank
Lønnshopp med mytar og motstand

Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder, men også ein fornuftig konklusjon.
Ein kvinneleg SFO-leiar meinte det var urimeleg at jobben hennar var verdt 25 000 kroner mindre enn liknande "mannlege" jobbar i Fredrikstad kommune. Ho fekk medhald i likestillingsnemnda. Og no har kommunen bestemt seg for å godta vedtaket.

Men saka har utløyst angstbitersk motstand, særleg frå NHO. Og Spekter sekunderer. I den grad likelønn er ei sak i desse leirane, er det under overskrifter som mytar og motstand. Og vi kan legge til - marknad.

Likelønnsproblemet blir i seg sjølv kalla ein myte, omtalt som nærast ikkje-eksisterande. Men det verkar ikkje som dei er heilt trygge på sin eigen mytepåstand. Difor blir det brukt ein god del energi på å argumentere mot tiltak som kan medverke til likelønn.

Dette har vore godt illustrert i debatten om "Fredrikstadsaka".

NHO har brukt sine tre hovudargument: marknad, marknad, marknad.

At lønn blir påverka av marknadsforhold er opplagt. Etterspørselen etter yrke som arbeider med folk har vore betydeleg dei seinare åra, og vil bli endå større i åra som kjem. Ein marknadsmekanisme som har vore hyppig brukt i den samanhengen er redusert kompetanse framfor auka lønn.

Ei sak som dette har rett nok fleire sider. Og det er ikkje uproblematisk at ei nemnd som ligg utanfor sjølve tariffsystemet "blandar seg inn" i lønnsfastsettinga. Men det får ligge her.

Vedtaket frå likestillingsnemnda gjeld ei enkeltsak i ei enkeltkommune. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. Det gjeld også leiaroppgåver. Men det betyr ikkje at ingeniørar eller tilsvarande grupper er for høgt lønna i kommunesektoren. Det er den ulike verdsettinga i lønn som er problemet.

Likestillingsnemnda har utfordra denne praksisen. Og det er grunn til å merke seg at Fredrikstad kommune har vurdert både omdømme og rekrutteringsbehova når dei har konkludert med å følgje opp saka i tråd med vedtaket frå likestillingsnemnda. Dette betyr eit lønnshopp for SFO-leiaren.

Kva det får å seie for andre står att å sjå.

 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no