Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank document image 1
undefined
blank
Fysisk aktivitet - statist i lærarutdanninga?
Kva for rolle skal lærarutdanninga spele for fysisk aktivitet og folkehelsa? Knapt nok ei statistrolle, skal vi tru signala frå Kunnskapsdepartementet. I framlegget til føresegn for dei nye grunnskulelærarutdanningane er ikkje fysisk aktivitet nemnt med eit kløyva ord.

Heilt uventa er det ikkje. Det er ein sikker tradisjon som blir vidareført: Fagfeltet idrett og fysisk aktivitet har vore eit stebarn i norsk skule og i allmennlærarutdanninga.

Det er på høg tid å bryte denne tradisjonen. Med handlingsplanen "Sammen for fysisk aktivitet" slo åtte departement eit slag for folkehelsa. Dette har ikkje gjort inntrykk på lærarutdanningsmiljøa.

Rett nok har det vore ein viss framgang for fysisk aktivitet i grunnskulen. Dette må følgjast opp og styrkast gjennom den nye lærarutdanninga. Eg er klar over at det er krevjande fordi mange "gode saker" gjer krav på plass i utdanningssystemet.

Ikkje alle udekte samfunnsbehov skal "løysast" ved at grunnskulen og lærarutdanninga stadig får nye oppgåver. Så viss departementet la opp til å bryte denne tradisjonen, kunne ein i det minste forstå logikken. Men framlegget omhandlar mangt og femner vidt: Frå identitetsarbeid til endringskompetanse og entreprenørskap, for å nemne noko.

Difor blir det ekstra påfallande dersom lærarutdanninga - og grunnskulen - distanserer seg frå den samfunnsoppgåva det er å fremje fysisk aktivitet for alle.

Dette handlar om kunnskap og om sosial utjamning. Fysisk aktivitet blir stadig viktigare for folkehelsa og for å førebygge livsstilssjukdomar. På dette området er det større skilnader mellom folk enn vi likar å snakke om. Her står vi overfor eitt nytt klasseskilje. Difor bør alle lærarar og skuleleiarar ha innsikt i og forståing for kva fysisk aktivitet har å seie for individet og samfunnet. Det inneber ikkje at alle skal undervise i kroppsøving og idrett. Tvert om. Til det skal vi ha lærarar med fagleg fordjuping.

Anders Folkestad, Unio-leiar

 



 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no