Av Anders Folkestad, Unio-leiar
På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel.
Leiarskribenten slit med å fordøye at terrorberedskapen og Oslo politidistrikt skal styrkast.. "Det er krevende å være den som ber om besinnelse", heiter det når avisa prøver å ta på seg den rolla. Dagbladløysinga er at politiet "må arbeide mer og smartere". Det er velkjent nytale, blanda med urbanarroganse.
Dei fleste ventar og krev at politiet skal vere der når det trengst. Og helst litt før. Ved ulukker, naturkatastrofar og brotsverk. Det gjeld også dei som bur i Distrikts-Noreg med lange avstandar, og med ei politibemanning på langt under det forsvarlege.