– Eg forutset at avtalen partane har inngått om tenestepensjon blir respektert, seier Unio-leiar Anders Folkestad i ein kommentar til fråsegn frå Flåthen i Dagens Næringsliv (DN). Under tittelen ”Antyder omkamp” kan LO-leiaren oppfattast som misnøgd med avtalen om tenestepensjon.
Også andre aktørar har ytra seg offentleg om mogleg omkamp om tenestepensjonen.
Ifølge DN og frifagbevegelse.no meiner Flåthen at vi hadde muligheita til å få eit nytt system for tenestepensjonane, men at arbeidstakarsida ikkje sto samla og difor ikkje utnytta potensialet til forhandling.
– Dette er ei unyansert framstilling. Vi gjekk inn i forhandlingane med eit samla krav på arbeidstakarsida om ein bruttomodell. Ingen bad om regjeringa sin påslagsmodell, slår Folkestad fast.
– Vi har ein avtale, og det er ikkje avtalt reforhandling av denne. Eg forutset at avtalen partane har inngått blir respektert, seier Folkestad. LO-leiaren har samstundes presisert til frifagbevegelse.no at LO respekterer resultatet.
Eit godt resultat
– Av dei to alternativa som låg på bordet var vidareføring av dagens ordning heilt klart det beste valet. Utan tvil, seier Folkestad.
Han meiner også at tenestepensjonen har uheldige trekk, som at arbeidstakarar med dei lågaste stillingsbrøkane ikkje får opptening. Samstundes reagerer Folkestad på at omsynet til dei som jobbar deltid blir brukt som argument mot bruttoordninga:
– Dei aller fleste i deltid tener på bruttoordninga, og det same gjeld mange av dei med lange yrkesløp; om ikkje helsa held til over 40 yrkesaktive år taper dei også på ein påslagsmodell, seier Folkestad.
– Det synes som om mange har gløymd at arbeidstakarane ønskte ein modifisert bruttoordning. Mange av manglene i den noverande ordninga kan også løysast sjølv om bruttogarantien står ved lag, understreker Folkestad.
Valet sto enkelt forklart mellom å prioritere dei som må gå av tidleg og har kort opptening, eller å premiere dei som har helse til å stå lenge i jobb med høgare pensjon.
Skrevet 15.6.2009