- Det kan likne på kontraktsbrot når kommunane ikkje brukar pengane i krisepakken til å hindre større arbeidsløyse, men mest av alt er dette ein illustrasjon på den dårlege økonomien i mange norske kommuner, seier Anders Folkestad.
I januar fekk kommunene 6,4 milliardar kroner i ein krisepakke som skulle få folk i arbeid. No viser det seg at fleire kommunar med dårleg økonomi har valt å heller sette pengane på bok. Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa ha truga med å trekkje tilbake krisepengane om ikkje kommunane brukar dei slik som intensjonane var.
Kontraktsbrot
- Det kan likne på kontraktsbrot dersom kommunane i stor stil set krisemilliardane på bok i staden for å bruke midlane til uløyste oppgåver her og no. Å hindre større arbeidsløyse må ha førsteprioritet, slår Unioleiar Anders Folkestad fast.
Eit varsel til regjeringa
Kritikken til trass, han meiner at dette meir enn noko anna illustrerer kor dårleg økonomien er i mange norske kommunar.
- Dette er eit varsel til regjeringa om at det ikkje står så bra til med kommuneøkonomien som regjeringa vil ha det til, sier han og viser til at underskotet i kommunesektoren er større enn på lenge.
Styrke kommunane
- Regjeringa finne rom til å styrke kommunane sin økonomi både gjennom revidert budsjett og kommuneøkonomiproposisjonen som kjem ut på vårparten, seier Unio-leiaren.
Støtte frå KS
KS-direktør Bjørn Gudbjørgsrud har gått ut og støtta kommunanen som har valt å spare pengane.
- I nokre kommuner er det behov for å bruke desse pengane til å få tilbake ein økonomisk balanse som kommunane ikkje har i dag, seier han til NRK Dagsnytt.
Les NRK-sak: Rett å sette krisepenger på bok
Skrevet 2.4.2009