Statsministeren har varsla at han vil sette ned eit eige utval som skal sjå på sjukefråveret i helse- og sosialsektoren.
Dette er eit arbeid som vil gå på sida av og i tillegg til drøftingane om ny IA-avtale.
- Unio ser at det kan vere nyttig med ein gjennomgang av dei sektorane som har høgast sjukefråver, og har tidlegare foreslått å sjå spesielt på helsesektoren for å finne årsakene til at det er så høgt sjukefråver her, seier Anders Folkestad i ein kommentar.
Unio-leiaren undrar seg likevel over kvifor dette plutseleg vert lansert av statsministeren som eit utval på sida av hovudprosessen.
- Arbeidet i dette utvalet burde vore kobla på og sett i samanheng med resten av arbeidet med sjukefråver og ny IA-avtale, meiner Unio-leiaren.
Det er store bransjevise skilnader i sjukefråveret. I andre kvartal 2009 var det gjennomsnittlege totale sjukefråveret på 7,1 prosent mot 9,6 prosent i helse- og sosial.
Skrevet 25.11.2009