Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Må handtere komande studenteksplosjon
Unio er med på eit felles opprop initiert av studentorganisasjonane, der vi krev at den foreventa auken på 80 000 fleire studentar dei neste fire åra må møtast med ei milliardsatsing på forsking og utdanning.

- Vi har to utfordringar: Vi må handtere studenteksplosjonen på ein god måte og vi må auke kvaliteten på forskinga. Desse to må ikke gå på bekostning av kvarandre, seier Anders Folkestad.

I følge framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå vil det i 2020 vere 150 000 fleire menneske i alderen 19-30 år enn det var i 2008 – ein auke på 20 prosent. Dette vil gi ei kraftig auke i talet på unge som går inn i høgare utdanning.

Ni organisasjonar har gått saman om eit opprop til regjeringa der dei krev tiltak no for å handtere den komande studenteksplosjonen.
- Det vil bli ei krevjande oppgåve å handtere masseutdanninga ved universitet og høgskular, men dersom vi lykkast, har vi moglegheit til å gjere eit stort sprang framover. Alternativet er status quo eller også tilbakegang, seier Folkestad til Dagsavisen i dag.

Organisasjonane er klar på at auken i studieplassar ikkje føre til dårlegare kår for dei som arbeider og forskar.
- Noreg kan bli akterutseilt som ein kunnskapsnasjon om vi ikkj edersom politikarane ikkje møter studenteksplosjonen på rett vis, seier Unio-laiaren.

Desse er med på oppropet:

  • Norsk Studentunion
  • Studentenes Landsforbund.
  • Elevorganisasjonen
  • ANSA, utenlandsstudentenes interesseorganisasjon
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Unio
  • Forskerforbundet
  • Akademikerne
  • HSH, Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon

Les heile saka i Dagsavisen

Skrevet 5.10.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no