Grunnfinansieringa til ulike forskingsinstitutt varierer kraftig utan at der er openberre årsaker til ulikskapen. - Dette er uheldig, meiner Unio-leiar Anders Folkestad.
Aftenposten skriv den 3. august at den statlege grunnløyvinga til forskningsinstitutta varierer betydelig, og at ingen kan forklare den ulike støtten.
- Forskningsinstitutta opererer i ein marknad med konkurranse både nasjonalt og internasjonalt, og då bør ikkje staten ha ordningar som kan skape ulike konkurransevilkår, seier Anders Folkestad.
Skeiv konkurranse
Forskerane konkurrerer om oppdrag fra næringslivet, frå det offentlege og fra EU. Som grunnlag for eigen finansiering ligg den statlege støtta, basisløyvingane. Når det er store sprik i kva dei ulike institutta får i basisløyving, meiner fleire forskarar at det fører til ein skeiv konkurransesituasjon.
Sikre fagleg uavhengigheit
- Det er særleg uheldig at norske institutt får problem med å konkurrere om EU-prosjekt fordi dei ikkje klarer å innfri kravet om eigenfinansiering. Grunnløyvinga er dessutan ein viktig føresetnad for forskningsinstitutta si langsiktige oppbygging av kompetanse og naudsynt for å sikre faglig uavhengigheit for institutta, seier Folkestad.
Frå Forskingsrådet, som står for utdelinga av basisløyvingane, vert det peika på både historiske og politiske forklaringar.
Skrevet 4.8.2010