Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Norsk dobbeltmoral
Unio og YS etterlyser større fokus på arbeidstakarrettar i norsk handelspolitikk. I eit innlegg i Dagsavisen er leiarane kritsik til at Noreg forhandlar om frihandelsavtalar med land der faglege rettar vert neglisjerte

Norsk dobbeltmoral 

av Anders Folkestad, leiar i Unio og Tore Eugen Kvalheim, leiar i YS

Den raudgrøne regjeringa har lansert ein offensiv strategi for eit anstendig arbeidsliv. Då er det eit stort tankekors at Noreg gjennom EFTA-samarbeidet forhandlar om frihandelsavtalar med land som år etter år figurerer på «verstinglistene» over land der faglege rettar blir neglisjerte. 

I dag, onsdag 7. oktober, setjer internasjonal fagrørsle over heile verda fokus på kampen for eit anstendig arbeidsliv. Den raudgrøne regjeringa lanserte i fjor ein global strategi for eit anstendig arbeidsliv. Unio og YS støttar opp om denne offensive strategien. Regjeringa har sett av mykje ressursar til dette arbeidet, og det er lagt opp til ein god dialog med partane i arbeidslivet. 

Det er likevel eit stort tankekors at Noreg gjennom EFTA-samarbeidet forhandlar om frihandelsavtalar med land som år etter år figurerer på «verstinglistene» over land der faglege rettar blir neglisjerte. I strategien heiter det at Noreg skal vere ein pådrivar i å fremje anstendige arbeidsvilkår i handelspolitikken. Fram til no har vi sett liten effekt av regjeringa sin strategi på dette området. Verste eksempelet er Colombia.
Det er tunge årsaker til at norsk fagrørsle har kravd fokus på faglege rettar i avtaleteksten i handelsavtalen mellom EFTA og Colombia. Colombia er det farlegaste landet i verda å vere fagorganisert i. Sidan 1986 har over 2.600 medlemmer i fagrørsla blitt drepne i Colombia. I 2008, det året frihandelsavtalen blei signert, vart 48 fagorganiserte drepne. 

På dei årlege ILO-konferansane er Colombia ein gjengangar på lista over land der brot på grunnleggande faglege rettar og menneskerettar er mest utbreidd, utan at denne negative merksemda har ført til endring i situasjonen. Det er svært vanskeleg å registrere ein fagorganisasjon i Colombia, og bare ein av hundre arbeidarar er dekt av ein kollektiv avtale. 

I den endelege avtalen mellom EFTA og Colombia er det berre i føreordet i avtalen det er vist til arbeidstakar- og menneskerettar. Det er ingenting konkret i sjølve avtaleteksten. Det vesle som står i føreordet ber preg av å vere symbolpolitikk, utan reell verdi for colombianske arbeidstakarar.
Unio og YS fryktar at EFTA-avtalen difor vil gi politisk legitimitet til ei regjering som framleis gjer altfor lite for å betre situasjonen for arbeidstakarar og fagorganiserte i Colombia. Det er trist å registrere at ein av leiarane i internasjonal fagrørsle tidlegare har påpeikt at denne avtalen er svakare på arbeidstakerrettar enn avtalen George Bush i si tid forhandla fram med Colombia. 

Regjeringspartia SV og Sp har signalisert at dei ønskjer at det blir ei offentleg høyring om EFTA sin avtale med Colombia. Dette er eit prisverdig initiativ. Men Unio og YS etterlyser først og fremst ein helskapleg og prinsipiell debatt om retningslinene for frihandelsavtalane. Handelspolitikken kan ikkje styrast etter innfallsmetoden. Colombia er eit verstingland når det gjeld brot på grunnleggjande arbeidstakerrettar, men Noreg forhandlar også med andre land med same type problemstillingar. 

For kva meiner regjeringspartia om frihandelsavtalen som er signert med Samarbeidsrådet for Gulfstatane? I Saudi Arabia har ikkje arbeidstakarane reell moglegheit til å organisere seg, forhandle om lønn eller streike. Det eksisterer heller ikkje forsamlingsfridom. Kvinner i Saudi Arabia kan verken studere, jobbe, gifte seg, vitne i retten eller få medisinsk behandling utan samtykke frå dei mannlege formyndarane sine. Situasjonen for fleire av migrantarbeidarane i landet blir av mange samanlikna med moderne slaveri. 

Verst er situasjonen for dei mange hushjelpene frå Søraust-Asia. Ein omfattande rapport frå Human Rights Watch frå 2008, «As If I Am Not Human», viste at dei 86 hushjelpene som deltok i undersøkinga i gjennomsnitt jobba 18,7 timar kvar dag, sju dagar i veka. Under forferdelege arbeidstilhøve.
I EFTA kan det verke som om suksesskriteriet for handelspolitikken er kor mange frihandelsavtalar som vert signert. Unio og YS meiner det må fokuserast meir på at innhaldet i avtalene ivaretek viktige omsyn som arbeidstakarrettar, menneskerettar, patentrettar og klima. 

Vi krev spesielt eit sterkare fokus på arbeidstakarane sine rettar i handelsavtalane og meiner det er vesentleg korleis varer og tenester blir produsert i dei landa vi vel å inngå avtalesamarbeid med. Avtalane må innehalde konkrete mekanismar som kan medverke til større vern om grunnleggande arbeidstakerrettar i land som Colombia, Algerie, Tyrkia, Kina, Albania og Saudi Arabia. Dersom dette ikkje let seg gjere, bør Noreg vurdere å forlate forhandlingsbordet. 

I kjølvatnet av problema med WTO-forhandlingane har det vakse fram eit internasjonalt system med regionale og bilaterale frihandelsavtalar, utan at dette har vore tema i ein grundig politisk debatt i Noreg. Det er ikkje vanskeleg i Noreg å finne politikarar som uttalar seg om internasjonale klima- og menneskerettsspørsmål. Det er difor eit paradoks at engasjementet ikkje er større når dei same tema dukkar opp i vår eigen handelspolitikk. 

Under presidentvalkampen i USA var handelssamarbeid med Colombia eit viktig tema som førde til ein heftig politisk debatt mellom presidentkandidatane. President Obama stod under valkampen fast på at det er uaktuelt å underteikne ein avtale med Colombia så lenge drapa på fagforeiningsmedlemmer i Colombia held fram, og så lenge gjerningsmennene ikkje vart straffa. Vi meiner norske politikarar bør våge å ta ein tilsvarende posisjon.

Innlegget sto på trykk i Dagsavisen på Verdsdagen for eit anstendig arbeidsliv, 7. oktober 2009.

Skrevet 7.10.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no