Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"På leiarplass 10. oktober kommenterer Dagbladet ressurssituasjonen i politiet. I velkjent stil vil Dagbladet arrestere dei "som syter" over ressursmangel."
>> Les innlegget
 
 
 
 
blank blank
Unio i kontaktutvalet
Statsbudsjettet var hovudtema då partane i arbeidslivet møtte statsministeren og fleire av statsrådane i kontaktutvalet.

Regjeringa med statsminister Jens Stoltenberg og finansminister Kristin Halvorsen i spissen møtte tidlegare i dag leiarane i dei åtte hovudorganisasjonane på arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida i kontaktutvalet. Temaet var det nye statsbudsjettet og den økonomiske situasjonen i landet.

Offensivt og godt tilpassa
- Unio tok utgangspunkt i at dette er eit offensivt budsjett som er godt tilpassa dei økonomiske utfordringane Noreg står overfor, sa Unio-leiaren. Han understreka vidare at det er bra at regjeringa byggjer vidare på dei tiltaka som vart sett igang då finanskrisa kom, der offentleg sektor har spela ei aktiv rolle innenfor sysselsettinga.

Lite handlingsrom
Sjølvom det er lagt inn ein god del pengar i offentleg sektor i budsjettet, er handlingsrommet likevel avgrensasidan det meste av midla er bundne opp på førehand.

Store forventningar
Unio viste i møtet til at det er store forventningar både når det gjeld kvalitet og omfang på velferdstenestene, og at det er store utfordringar knytt til rekruttering av kompetent personale.
- I den forbindelse viste Unio mellom anna til behovet for å investere i likelønn, sa Folkestad.

IA-avtalen
I kontaktutvalet var det fleire som trekte fram den utfordringa som ligg i veksten i trygdeutgifter og det at så mange vert utstøytt fra arbeidsmarknaden. Det vart også vist til prosessen som er igang med reforhandling av IA-avtalen.
- Her må ein jakte på tiltak som i større grad gjer at vi får stoppa veksten i sjukefråveret, sa Folkestad i kontaktutvalet.

Krevjande situasjon
Unio tok også opp den krevjande situasjonen til høgskular og universitet. 
- Sjølvom det er vekst i forskinga, er det ein svært vanskeleg økonomisk situasjon for universitet og høgskular - som heller ikkje denne gongen får det naudsynte løftet i basisbevilgingane, sa Anders Folkestad.

 

Skrevet 14.10.2009

 


[Tilbake]

Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no