– Det er liten tvil om at dei kriminelle i aukande grad jobbar på tvers av landegrensene. Da må politi og styresmaktene også auke sitt internasjonale engasjement, seier Unio-leiar Anders Folkestad.
Journalisten og juristen Bjarne Kvam hevdar i ei ny bok at Noreg kan bli ein B-nasjon i kampen for å stogge kriminalitet. I følgje Bergens Tidende, der Kvam er tilsett som journalist, syner undersøkingane hans at innsatsen mot kriminalitet er mindre effektiv i Noreg fordi vi ikkje er medlem i EU.
Kvam trekk fram nokre eksempel på korleis samhandlinga mellom Noreg og EU ikkje virker godt nok: Dersom ei norsk kvinne blir valdteken av ein tysk mann som reiser heim etterpå, så kan ikkje Noreg krevje mannen utlevert. Og mens EU-landa kan drive inn kvarandre sine bøter, så er ikkje Noreg ein del av dette samarbeidet.
Løysinga kan i følgje Kvam ligge i ei EØS-avtale for det juridiske området.
– Forslaget er spanande, og eg meiner Noreg treng å vurdere korleis vi møter den aukande kriminaliteten over landegrensene, seier Folkestad.
Les meir på nettsida til BT
Skrevet 30.9.2008