- Det er eit klart mål å få ned sjukefråveret, sa Unio-leiar Anders Folkestad. Sentralt for å lukkast i dette er tillitsvalde og verneombod i samspel med arbeidsgjevarar, helsesektoren og Nav.
Unio-leiaren heldt eit innlegg på IA-konferansen måndag der han la vekt på viktigheita av eit godt samarbeid mellom partane for å lukkast i å oppfylle måla i IA-avtalen. Om lag 180 deltakere frå heile landet var samla på Unios nasjonale IA-konferanse på Gardermoen. Heildagskonferansen var primært retta mot tillitsvalde, verneombod og arbeidstakarar som jobber med arbeidsmiljø og inkluderande arbeidsliv.
Samarbeidet
Anders Folkestad sa han hadde forståing for at nokre syns det var vanskeleg å tenke samarbeid med arbeidsgjevarar dei nyleg har streika mot, men la vekt på at det både er fornuftig og naudsynt å samarbeide.
- Vi er er forplikta til samarbeid. Det gagnar oss dessutan som arbeidstakarar, både fordi her er viktige rettar som sjukelønnsordninga som skal sikrast. Men også fordi IA-avtalen så sterkt fokuserer på arbeidsplassen og på arbeidsmiljøet der, sa han.
Vaktbikkjer
- Eit inkluderande arbeidsliv og ei god sjukelønnsordning har vore og er viktig for Unio.
Vi skal gjere vårt for at tiltak blir sette ut i livet og for at mål kan nåast, forsikra Unio-leiaren.
Han peika på at tillitsvalde og verneombod både må vere vaktbikkjer, pådrivarar og konfliktløysarar, og at det er no det gjeld å legge ein ekstra innsats i arbeidet.
- De har mandat til å forhandle, mot til å seie frå og makt til å påverke, sa han til dei 180 tilhøyrarane i salen.
På arbeidsplassen
- Avtalen har tre hovudmål: Inkludering av funksjonshemma, halde fleire lenger i arbeid og få ned sjukefråveret. Men vår sak er først og fremst knytt til kva som kan gjerast i arbeidslivspolitikken og på arbeidsplassen, også i samspel med helsesektoren og med det store Nav-systemet, sa Folkestad.
IA på ulike områder
-Vi skal bruke dei ulike tariffområda som arenaer for arbeidet, og slik ta omsyn til dei særskilte utfordringar, føresetnader og mulegheiter som finst på dei ulike områda. Eg ser dette som eitt av verkemidla til å forsterke innsatsen - og vi kan dra nytte av den treninga og kompetansen som finst - både sentralt og lokalt - for å oppnå resultat, sa han vidare.
Tilrettelegging og førebygging
Avslutningsvis peika Unio-leiaren på at IA-avtalen gir oss som arbeidstakarar godt grunnlag for å følgje opp generelle krav om satsing på HMS-arbeid, meir og betre tilrettelegging på arbeidsplassen, førebyggingstiltak av ulike slag - men også betre arbeidstidsordningar som kan verke inkluderande og førebyggje sjukdom og utstøyting.
Opplæringsskisse: Partssamarbeid i en IA-virksomhet
Les også:
Fullt hus på IA-konferanse
Fortsatt nedgang i sykefraværet
Samlet legemeldt sykefravær for Unios yrkesgrupper
Skrevet 30.8.2010