I går melde Dagbladet om ein eksplosjon i talet på private helseforsikringar. - Dette er ein trussel mot prinsippet om likeverdig tilgang til helsetenester, seier Unio-leiar Anders Folkestad.
- Eg skal ikkje moralisere over folk som har benytta seg av private helsetenester, men vi må ikkje manøvrere oss inn i eit samfunn der vi får ei a- og eit b-lag på helse, seier han.
Klassedelt helsevesen
Om få år kan ein av fire nordmenn ha privat helseforsikring. No fryktar eksperter eit klassedelt helsevesen.
- Det er lett å forstå at folk vil forsikre seg. Men utan å ville det, legg vi med forsikringsbransjen sitt inntog ei tidsinnstilt bombe under den helsetenesten dei fleste av oss har vore så stolte av, seier professor i sosialmedisin Steinar Westin til Dagbladet.
Les heile saka her: En av fire nordmenn kan ha privat helseforsikring om seks år
Tankekors
- Når slike forretningsidear kan blomstre, handlar det om at i gitte situasjonar gjer sjuke og pårørande det dei må for å finne hjelp. Derfor er det er heilt klart at det offentlege helsevesenet må vere effektivt og godt nok til å kunne gi eit likeverdig tilbod til alle, seier Unio-leiaren.
Snu utviklinga
Folkestad meiner det er eit tankekors at partane i arbeidslivet har gått inn for ordningar der somme får forkøyrsrett til rask helsebehandling.
- Vi må også vurdere korleis enkelte element i IA-avtalen fungerer i lys av dette, avsluttar Folkestad.
Last ned rapporten "Klassedelt helsevesen" frå Manifest
Skrevet 25.8.2009