Kva einaste skuledag vert minst ein tilsett i grunnskulen skadd på grunn av vald på arbeidsplassen.
Nav mottok i fjor 208 meldingar om vald mot tilsette i grunnskulen som er så alvorlege at dei kan gje grunnlag for yrkesskadeerstatning. På grunn av sein rapportering kan dette talet framleis stige. Talet på meldingar til Arbeidsstilsynet om skade på grunn av vald var i 2008 det høgaste talet som er rapportert dei siste fem åra.
Store mørketal
- Dei reelle tala kan vere høgare, seier nestleiar i Utdanningsforbundet i Bergen, Bjarne Mohn Olsvold til Bergens Tidende. Han trur nemleg truslar og mindre alvorlege tilfelle ikkje vert rapportert så ofte.
Aukande tendens
Arbeidstilsynet har i år starta eit stort prosjekt "Med skolen som arbeidsplass" der vald og truslar i skulen er eitt av hovudtema. I følgje Arbeidstilsynet kjem denne storsatsinga på grunn av ein aukande tendens til vald og valdsbekymring i skulen.