Etter fleire protestar har no Unio fått ein plass i Banklovkommisjonen som skal gå gjennom tenestepensjonsordningane i privat sektor. - Det er positivt at regjeringa snur, og inkluderer alle hovudorganisasjonane på arbeidstakarsida, seier Unio-leiaren
I dag er det klart at Finansdepartementet vil invitere Unio og Akademikerne til å oppnemne kvar sin representant i Banklovkommisjonen som framover skal sjå på tilpassningar av tenestepensjonane i privat sektor.
Ville vere med
I slutten av juni skreiv leiarane i Unio, YS og Akademikerne eit felles brev til finansminister Kristin Halvorsen, der dei krevde å få vere med i utreiingane om korleis tenestepensjonsordningane i privat sektor skal tilpassast den nye folketrygda som vert innført i 2011.
I sommar fekk Banklovkommisjonen oppdraget. Her er LO med, men ikkje dei tre andre hovudorganisasjonane på arbeidstakarsida.
Undring og indignasjon
- Vi reagerte med undring og indignasjon over at finansdepartementet i første omgang ekskluderte oss, mellom anna fordi dette handlar om viktige arbeidsvilkår, og fordi pensjonsspørsmål er svært viktige for medlemmane våre, fortel Unio-leiaren.
Smakar omkamp
Dermed sende Unio, YS og Akademikerne eit nytt brev til finansministeren, og la mellom anna vekt på at dei tre organisasjonane representerer nær 650 000 arbeidstakarar.
- Mandatet er svært omfattande, og smakar nærast av omkamp frå striden i vår rundt tenestepensjonsordningane i offentleg sektor, sa Folkestad i ein kommentar til DN i går.
Alleårsregel og sluttlønn
Kommisjonen skal mellom anna sjå på om det skal innførast ein alleårsregel - noko som kan bety slutten på ordningar der ein får full pensjon etter 30 år i jobb. Ei avvikling av ordninga med pensjon basert på sluttlønn, skal også utreiast. Dette skriv Dagens Næringsliv i dag.
Protestane hjalp
Protestane hjalp, og statssekretær Ole Morten Geving har invitert Unio og Akademikerne til å utnemne kvar sin representant i Banklovkommisjonen. Finansforbundet, som er med i YS, har allereie ein representant i kommisjonen, så YS fekk ikkje nokon ytterlegare representasjon.
Her kan du lese brevet fra Unio, YS og Akademikerne.
Her kan du lese brevet frå Finansdepartementet.