Unio - Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede
Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede


 
 
 
 
Replikk
av:

Anders Folkestad
"Eit vedtak frå likestillingsnemnda har skapt rabalder. Når NHO og andre er så aggressive på dette, kjem det nok av at heile saka utfordrar ein årelang kultur og praksis der kvinnedominerte yrke blir lågare verdsett enn mannsdominerte. "
>> Les innlegget
 
 
 
 
Anders Folkestad på Unios tariffseminar. (Foto: Lise Agerup)
Fokus på likelønn og sjukelønnsordninga
Inger Johanne Rein
19/1/2010
- Vi skal prioritere likelønn i tariffoppgjeret. Og Unio skal forsvare sjukefråversordninga. Dette er to av hovudsakene for Unio denne våren.

Unio-leiaren opna tariffseminaret på Holmen Fjordhotell med å fokusere på likelønnskampen.
- Vi skal prioritere likelønn i dette hovudtariffoppgjeret. Eg er stolt og glad over at også dei mannsdominerte forbunda i Unio-familien stiller seg bak dette, for den store kampen i år handlar om å få til ein likelønnspott, sa Anders Folkestad. Han meinte det vil vere eit nederlag både for partane og for styresmaktene om ein ikkje får dette i mål.

Å finne ein balanse
Unio-leiaren forsikra tilhøyrarane om at Unio i oppgjeret til våren skal gjere ein jobb også for menn og kvinner i det som framleis kan kallast mannsdominert yrke.
- Det blir nok trongare økonomiske rammer i år. Dette må vi bu oss på, sa han, og minte på at det er fleire som ønsker å bruke finanskrisa til å stramme inn.
- Vi må erkjenne at det framleis er mørke skyer, og at fleire i konkurranseutsett industri er utsatt. Men det handlar om å finne ein balanse, og ikkje la nokon misbruke situasjonen til å setje likelønn på vent, sa Unio-leiaren.

Ny IA-avtale
Unio-leiaren trekte også fram sjukefråveret og ny IA-avtale i opningstalen sin.
- Vi skal forsvare sjukefråversordninga med nebb og klør, og vi skal slå ned på det der det er misbruk. Vi må berre ikkje la dette siste dominere debatten. Folkestad la til at han er glad for at statsministeren og regjeringa i det siste har vore med på å dempe dei verste utfalla mot sjukefråversordninga i media.

Sterkare innsats frå tillitsvalde
- Eg er ganske sikker på at alle partane er innstilt på at det skal bli ein ny IA-avtale. Vi må vere innstilt på å gjere ein endå sterkare innsats for eit godt arbeidsmiljø, for forebygging og tilrettelegging. Vi må mobilisere og skolere våre tilltsvalgte i dette, sa han og understreka at alle Unio-forbunda står samla bak denne forsterka strategien.

 


Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede Stortingsgata 2, 0158 Oslo sentralbord: 22 70 88 50 faks: 22 70 88 60 e-post: post@unio.no