«Heilt bananas?»

Anders-folkestad-replikk-515x400
28.06.2012. «Det er heilt bananas», seier adm. dir. Stein Lier Hansen (BT, 25.6). Slik omtalar han årets tariffoppgjer. Sjefen for Norsk Industri, som forhandla først, er oppgitt, men usikker på kva lønnsveksten til slutt blir.

Av Unio-leiar Anders Folkestad

Det siste har han god grunn til. Og så har han rett i at reallønnsveksten i Noreg er langt betre enn i andre europeiske land.

Etter tariffoppgjera i offentleg sektor er det fleire som spør kva som gjekk gale. Somme uttaler seg skråsikkert, og veit tilsynelatande både at noko gjekk gale og kva som låg bak. Enkelte av dei mest skråsikre sit høgt lønna, langt vekk både frå forhandlingar, meklingar og streikar.

Det som er ei kjensgjerning er at i tre område i offentleg sektor – staten, KS og Oslo kommune – førte verken forhandlingar eller meklingar til resultat i første omgang. Det blei streik for dei fleste av organisasjonane, omtalt som den største streiken i offentleg sektor på nærare 30 år.

Ofte handlar det både om prinsipp og pengar når utfallet blir streik. Slik var det denne gongen også. Å kvantifisere avstanden er ofte vanskeleg, til tider meiningslaust. Særleg når det blir gjort i form av prisen på kaffikoppar, slik vi tidvis såg døme på under streiken. Som regel flyttar partane på sine posisjonar under vegs, men så kan det stoppe opp. Når heller ikkje meklaren lukkast, er eit loveleg kampmiddel – streik – neste etappe for å ivareta arbeidstakarane sine interesser.

Statsministeren har invitert partane til eit møte om tariffoppgjeret. Kva han ønskjer, er førebels litt uklart, men sjølvsagt stiller Unio når statsministeren inviterer.

Etter streiken i KS ser vi at utdanning og kompetanse er noko betre lønna enn tidlegare. Ein nyutdanna førskulelærar, sjukepleiar eller ergoterapeut har gått opp frå ei minstelønn på 328 800 kroner til 350 900 kroner. Ein bra vekst, men er det ei årslønn på 350 000 kroner Lier Hansen kallar «bananas»? Er det det som heiter at noko gjekk gale? Eller er det at lektorane endeleg fekk ei viss utteljing? Resten av året snakkar «alle» om kor viktig det er å rekruttere dei beste – dei med høgast utdanning til læraryrket. Har det då «gått gale» når begynnarlønna for ein lektor no nærmar seg 500 000 kroner i året?

Det som i alle fall er gale er at staten på fleire område betaler relativt dårlegare for utdanning enn tidlegare. Eit døme: Snittlønna for ein høgskulelektor er meir enn 50 000 lågare enn for ein lektor i skuleverket. Minstelønnsgapet har auka med fleire tusen kroner – og ein lektor med 16 års ansiennitet risikerer å gå kraftig ned i lønn. Tabellavstanden er kr 69 700.

Det har gått frå vondt til verre. Og ikkje fordi lektorlønna i skuleverket er for høg – det er staten som betaler for dårleg. Og det gjeld slett ikkje berre om lønnsramme 25, som det her handlar om.

Så her har både statsministeren og forhandlingsminister Aasrud rett: noko gjekk gale, og er gale.
 

Del denne siden
Unio, hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede. Stortingsgata 2, 0158 Oslo. sentralbord: 22 70 88 50. faks: 22 70 88 60. e-post: post@unio.no organisasjonsnummer: 984 152 175. ansvarlig redaktør: Anders Folkestad