Riktig løn for viktig kompetanse

AFOnett-farge
27.10.2011. - Ei viktig oppgåve for Unio er å betre lønna for utdanning og kompetanse, ansvar og risiko. Dette er ein ambisjon vi strekker oss etter i innteks- og lønspolitikken. Tarifforhandlingane er difor ei kjerneoppgåve for Unio, seier Unio-leiar Anders Folkestad.

Han har leia Unio sidan opprettinga i 2001. Men eigentleg er han lærar - som bestefar og far før han. Det var som lektor på idrettsgymnaset i Odda at sunnmøringen fekk sansen for organisasjonsarbeid. Då blei han tillitsvalt i Norsk Lektorlag. I 1989 blei han nestleiar i Norsk undervisningsforbund og har sidan hatt ei rekkje leiarstillingar i fagforeiningar der han gjerne har lagt ned, slått saman eller starta nye organisasjonar. Fordi fleire fagforeiningar stod utan ein hovudorganisasjon, blei Unio oppretta - eller UHO som den heitte til 2005.

- Som hovudorganisasjon er Unio både ein forhandlingsaktør og ein politisk aktør særleg retta mot storting og regjering. Unio skal ikkje erstatte medlemsforbunda, men bruke den krafta som ligg i at fleire forbund samlar seg under ein felles paraply. Dette kjem ikkje minst til gode i tarifforhandlingane, kommenterer Folkestad.

Inngangen til Unio og medlemsforbunda er høgare utdanning og ein sterk fagleg kompetanse.

- Kunnskapspolitikk og særleg høgare utdanning og forsking er ei viktig fellesarena for Unio. Eit hovudmål for Unio er at våre medlemmer skal få løn for den utdanninga og kompetansen dei har, og at dei skal ha arbeidsforhold som gjer at dei på ein god måte kan bruke sin faglige kunnskap og autoritet i jobben, seier Folkestad.

Unio ivaretar medlems- og samfunnsinteressane mellom anna gjennom trepartssamarbeidet. Trepartssamarbeidet utspeler seg på ei rekkje arenaer, og det har både eit formelt og eit uformelt preg. Unio er representert i alle formelle fora - som Kontaktutvalet, Arbeidslivspolitisk råd og Teknisk berekningsutval.

- Hovudorganisasjonane på arbeidsgjevarsida og arbeidstakarsida speler ei sentral rolle i den norske samfunnsmodellen der trepartssamarbeidet har hatt mykje å seie for samfunnsutviklinga og samspelet mellom offentleg og privat sektor. Difor er velferd og verdiskaping viktige rettesnorer for Unio sitt arbeid. Vi skal vere ei av dei fremste aktørane når det gjeld å byggje kunnskapssamfunnet og vi skal sjå til at folk føler seg trygge i kvardagen, seier Folkestad.

Unio er dessutan med i ulike råd og utval som har makt til å påverke samfunnsstrukturar og lov og regelverk.

- I alle desse prosessane er det ei styrke at Unio er partipolitisk uavhengig. Det er saker og politisk innhald som er viktige for oss, ikkje kva slags politisk parti som er aktørar.

Men det er ikkje berre i dei nasjonale prosessane Unio er med og påverkar.

- Da Unio blei etablert hadde vi mange ambisjonar - ei av dei var å kome med i det internasjonale fagforeiningsarbeidet. Det tok tid å kome i posisjon, men no er vi med i alle internasjonale arenaer i Norden, Europa og globalt. Kunnskap og erfaring herfrå er viktige for oss når det gjeld politisk utforming og å kome tidleg inn i saker og prosessar som blir viktige for våre medlemmer. Det er ikkje tvil om at det som skjer internasjonalt - og spesielt i EU - har konsekvensar for våre medlemmer, seier Folkestad.

Fem satsingsområde
Unio har eit styre som møtest ein gong i månaden, og eit representantskapsmøte kvart år som vedtar både grunndokumentet "Mål og verdigrunnlag" samt dei politiske prioriteringane kommande år.

Det er fem politiske satsingsområde som organiserer Unio sitt arbeid:

Satsingsområde 1: Medlemma sine løns- og arbeidsvilkår - herunder omstilling og pensjon
Satsingsområde 2: Kunnskap, forsking og kompetanse
Satsingsområde 3: Samfunnspolitisk engasjement - herunder likestilling og likeløn
Satsingsområde 4: Internasjonalt arbeid og solidaritet
Satsingsområde 5: Et effektivt fellesskap for medlemsorganisasjonane


- Unio er ein hovedorganisasjon med eit relativt lite sekretariat som skal handtere store oppgåver og ambisjonar. Det gjer at vi er avhengige av at medlemsforbunda stiller med ressursar og kompetanse. Medlemsforbunda må også samarbeide regionalt og lokalt med felles oppgåver der Unio skal være representert - for eksempel så representerer medlemsforbunda Unio i arbeidstilsynet sine regionale råd, forklarar Folkestad.

Unio er ein organisasjon som har vakse prosentvis kvart år sidan starten.
- Det er eit tankekors at berre litt over halvparten av arbeidsstyrken i Noreg er organisert. Heldigvis er organisasjonsgraden på våre områder høg og vi har framleis jamn vekst - vi er faktisk den organisasjonen som har vakse mest i Europa i 2011, sluttar Anders Folkestad.



 

Del denne siden
Unio, hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede. Stortingsgata 2, 0158 Oslo. sentralbord: 22 70 88 50. faks: 22 70 88 60. e-post: post@unio.no organisasjonsnummer: 984 152 175